Historie |
Buda vart bygd i 1911 av Samuel Årviks enke. Buda skulle brukast som silde salting og forretning. Den var sannsynligvis planlagt og delvis oppstarta da han døde.
Buda var bygd av ein Sylte frå Slagnes i Vanylven. namnet Syltebuda var brukt på den lenge.
Samuel Årviks enke døde i 1919, og buda ble deretter auksjonert bort, og kjøpt av hennar bror Hans A Hoddevik. Her var fiskemottak med mottak av t.d. sild som blei salta i tønner.
Under krigen var buda rekvirert av Tyskarane og brukt til lager.
Etter krigen var den lenge brukt som ekspedisjon for rutebåtane som gikk nordover mot Ålesund.
Buda ble overtatt av Julius Fure på 1950 tallet, og brukt til forretning og mottak av hummar. Fure leverte ein gong ei last til Bergen på 1800stk hummar til saman 900 kilo!!
2 og 3 høgda var utleigd til Myre Hans (bestefar til Mathias Drage) og brukt til snekker verkstad. Dei laga blant anna ein del senger som ble sendt til Finnmark etter krigen.
Det er etter Fure familien vi i dag bruker namnet Furebuda.
Dersom noen har flere opplysningar om buda, eller området rundt vennligst ta kontakt!!
|
|

|